Framtidsfylket Karrieremesse i Bergen 2018

Framtidsfylket Karrieremesse i Bergen 2018




Event Details

Framtidsfylket Karrieremesse i Bergen 2018

Grieghallen

Tuesday, 13 February 2018, 17:00


Event Description


På utkikk etter jobb og nysgjerrig på kva Sogn og Fjordane har å by på?

Set av kvelden og delta på Framtidsfylket Karrieremesse i Grieghallen i Bergen. På messa møter du mange i eit spekter av fagretningar frå Sogn og Fjordane som brenn for å vise fram kva dei har av karrieremoglegheiter..

2+2 AWESOME Sogn og Fjordane

Nytt av året er at vi deler karrieremessa i to – ein konferansedel og ein mingledel. Vi har invitert 6 av fylkets fremste bedriftsleiarar til gje dykk eit lite innblikk i kva Sogn og Fjordane har å by på.

Edgeir Aksnes / Tibber
Ingvill Hestenes / Melin Medical
Reiel Haugland / Sparebanken Sogn og Fjordane
Steinar Sørli / Villa Åmot
Egil Mundal / Sogndal Fotball
Marte Vassbotten / Steinvik Fiskefarm & PwC

I tillegg har vi fått med oss sjølvaste Kjartan Lauritzen. Stjerneskuddet frå Balestrand har gjort stor suksess i heile landet med blant anna kjente låter som «Havanna» og «Fredag».

Med oss i kofferten har vi også 24 ledige traineestillingar i alt frå økonomi, forretningsutvikling, samfunnsvitenskap, programmering, elkraft, byggingeniør, prosjektleiing, og mykje meir. Kom og snakk med oss om ordninga og møt nokre av traineebedriftene!

Det vert lett servering og kulturinnslag. Praktisk informasjon vil bli oppdatert.

Korleis melde seg på?
Vi treng namn, epost og tittel til namneskiltet ditt.

Meld deg på via framtidsfylket.no innan 7. februar og ver med i trekking av ein guida tur på Via Ferrata Loen + Loen skylift på tilbakevegen!

Vi gler oss!



Event Place


Grieghallen

Edvard Griegsplass 1, 5015 Bergen, Norway



  Buy tickets   View on Facebook

View more events at Grieghallen

Upcoming Events in Bergen


Leave a comment