Sigrid Moldestad // Operahuset Nordfjord

Sigrid Moldestad // Operahuset Nordfjord


Save to Calendar

Event Details

Sigrid Moldestad // Operahuset Nordfjord

Operahuset Nordfjord

Friday, 26 January 2018, 19:00


Event Description


Sigrid Moldestad feirar ti år som soloartist. Ho har gjeve ut fem soloalbum på desse åra. Forrige originalalbum “Brevet til kjærleiken” (2014) var basert på tekstar av diktaren Jan-Magnus Bruheim og blei mellom anna kåra til “Årets album” av “Norsk på norsk” på NRK P1.

Hausten 2017 kjem nytt album, som stort sett innehelde originalskrive både musikk og tekst frå Sigrid sjølv.

“Eg vil vere her” er første smakebit frå det nye albumet som Sigrid Moldestad slepper til hausten. Songen er ein hyllest til livets evige mysterium og alle gåtene vi ikkje har svar på.

“Singelen er resultatet av framtidsangsten som sette seg i kroppen i fjor haust, med alle endringane i verdsbiletet. Det har gitt meg ei aukande bekymring for den verda vi skal etterlate til borna våre. Eg merka at eg blei veldig opptatt av dei som står meg nærast og fekk eit endå sterkare ønske om å halde dei i handa og vere her for dei. Lenge.” fortel Sigrid Moldestad.

Singelen har original instrumentering frå musikarane Anders Røine (munnharpe, langeleik, vokal) Jørgen Sandvik (el-gitar, guzheng, vokal) Sigbjørn Apeland (trøorgel) Kåre Opheim (trommer) og Anders Bitustøyl (bass, vokal). Dette skapar eit heilt særeigent lydbilete i ein song der Sigrid Moldestad tek uttrykket eit lite steg videre i måten ho forankrar folkemusikalske element i musikken sin.

Songen er spelt inn i Studio Duper i Bergen av Yngve Sætre, som òg produserer hennar komande album, som kjem ut 29. september. Det er midt i oppkøyringa til sildeopera på Nordfjordeid, men 26. januar kjem Sigrid med fullt band til Operahuset Nordfjord!

www.sigridmoldestad.com | www.facebook.com/sigridmoldestad

Konserten byrjar kl 19.30 og varer i om lag 1,5 time.

Billettpris 420 kr inkl avg.



Event Place


Operahuset Nordfjord

Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norway



  Buy tickets   View on Facebook

View more events at Operahuset Nordfjord

Upcoming Events in Nordfjordeid


Leave a comment